Kvalpar

 

 Me har for tida ingen kvalpar. Neste kull er planlagt til vinteren 2011/2012.

 

Ta kontakt for ein prat dersom du er interessert i kvalp frå oss, eller for ein uforpliktande hundeprat.

 

Me vil satse på å bevare både jaktegenskaper, godt gemytt og bra eksteriør gjennom vår avl.

 

Våre kvalpar blir godt sosialiserte både med folk og dyr.

 

Våre kvalpar blir levert til sine nye eigarar tidlegast ved 8 vekers alder.

Dei er då registrert i NKK, ID-merka og har helseattest frå veterinær.
Dei har fått regelmessig ormekur, og er forsikra gjennom Agria fram til levering.
Vaksine får dei ved 12 vekers alder, derfor er dei ikkje vaksinerte når dei reiser frå oss.
Me følger NKK sine etiske retningslinjer, og har eit lite heimeoppdrett med fokus på kvalitet.

Med kvalpen får du ein kvalpepakke som inneheld ein sekk med kvalpefôr, teppe frå kvalpekassa,

halsbånd og bånd, ei leike, kjøpskontrakt og registreringsbevis i NKK.

Me vil gjerne følge opp våre kvalpar og blir glade for det dersom du vil halde kontakten med oss.

 
 

Tidlegare kull:

A-kullet: 16.02.2007

B-kullet: 05.12.2008

C-kullet: 26.03.2010

D-kullet: 09.09.2010

 

<<