Jakt med Parson

Parson russell terrier er ein hunderase med stor jaktlyst, som samtidig fungerer fint som familiehund. Ein parson er i hovudsak avla fram for hi-jakt, mest på rev og grevling men blir og brukt på mink. Dei fleste parsonar fungerer som sprengarar, dvs at dei skal få viltet (rev) til å forlate hiet sitt. Det fins og dei som arbeider som ein forliggar, desse skal halde viltet (grevling) i sjakk i hiet til jegaren får gravd seg ned til viltet.

Me trener hundane våre på kunsthi, og prøver å jakte litt rev, men det blir mest minkejakt, då det ikkje er overflod av rev her me bur. Minkejakta går føre seg slik at hunden leiter opp minken nede ved sjøen kor minken held til i sine dagleier eller når den er ute på jakt etter mat.

Når hunden finn minken byrjer spaninga. Som regel ligg minken vanskeleg til under ein stein eller liknande. Då er det opp til hunden og eigaren å få minken på skuddsjanse med å grave eller få minken til å vise seg slik at det går an å avlive den med salongrifle nedi ura. Av og til vil minken prøve å forlate ura og finne seg ein tryggare stad å vere, då kan ein post skytter vere ein fordel viss han er rask nok til å skyte minken med hagle.

Minkejakt er eit fint tiltak for å få større fuglebestand i skjærgården, då minken er ein eggrøver utan like. Ein mink kan godt ta knekken på ein heil terne koloni på nokre timar. Det er også ein spanande hobby som kan drivast heile året då minken er ein uønska innført art i Noreg.

 

  Her er ei stolt Pia med uttelling på jakta.

Bilder frå jakttrening og jakt 2009

Bilder frå jakttrening og jakt 2008

Bilder frå jakttrening og jakt 2007

Bilder frå jakttrening og jakt 2005 - 2006 

 

<<