November 2009

Framleis ingen skuddsjangsar for hundane under rådyrjakta, men dei har gjort ein god jobb likevel. Per Kjartan skaut dette rådyret utan hund, men hundane fekk leike seg litt med det etterpå, og det var stor stas.

   

Oktober 2009

Pia og Pippi har fått prøve seg på hjorte- og rådyrjakt, og har hatt fleire drev etter både hjort og rådyr, men dessverre ingen skuddsjangsar. Denne hjorten blei skoten utan hjelp av hund.

   

August 2009

Hundane har vore på kunsthiprøvar i Sverige og Noreg. Bilder kjem etter kvart.

 

 
   

Juli 2009

Hundane har vore på kunsthiprøvar i Sverige og Noreg. Bilder kjem etter kvart.

Pippi har gått anleggsprøve viltspor i Sverige med godkjent resultat.

 

 
   

April 2009

Det har ikkje blitt så mykje minkejakt til nå i år, men hundane har funne mink fleire gonger utan at me har fått tatt den. I dag blei årets første mink felt, på Syre. Det var ein stor hannmink, og det var Punky som fant den. Dei andre to var rett bak. Bra jobba av alle tre! :)

   

Februar 2009

Hijakta i Sverige held fram, men når dei har hatt dommar med har dei ikkje funne rev i hi. Utan dommar derimot, har Pippi sprengt tre revar. To av dei var i same hiet, sjå bilde. To dagar etterpå sprengte ho ein til. Bra jobba! :)

   

Januar 2009

Hijakt i Sverige. Tina var ute med dommar for å finne rev og få den siste jaktprøven i boks for championatet til Pippi, men dei fant ein grevling i staden. Pippi gjorde ein super jobb og fekk sin første grevling. :)

Les meir om jakta her.

   

Januar 2009

Pippi har vore med på rådyrjakt i Sverige, og det er nå skote 3 rådyr for henne. To av dei dreiv ho fram ilag med Ziggy, dei jobber godt ilag.

Her bilde av Tina med Ziggy, Pippi og eit av rådyra. :)

 

<<