Litt om kunsthi

 
Trening i kunsthi

Trening i kunsthi blir brukt for å førebu ein hund på verkeleg jakt, og for å bedømme hunden si jaktlyst og arbeidsmåte inne i eit hi. I eit kunsthi får hunden møte rev under kontrollerte forhold, der reven sitt i ei kasse med luker med gitter ut mot higangane.

Nokre viktige eigenskapar som kreves av ein hi-hund:

1. Hunden må ha veldig gode nerver. Når den skal ut på jakt, kanskje fleire meter under bakken i veldig trange hi-gangar, stilles det store krav til hunden.
2. Hunden må ha ein passande størrelse, for å kunne bevege seg rundt i hiet. Ein parson skal kunne spannast, dvs at ein skal kunne halde rundt brystkassa med normalt store hender. Dette er pga størreslsen på hi-gangane.
3. Hunden må ha jaktinstinktet, "hi-blodet" i seg. Dette er medfødte gener som ikkje kan trenast opp uten at dei er medfødt. Det er derfor viktig å teste jaktlysta på hundar av jaktrasar som blir brukt i avl, for å ikkje avle vekk denne eigenskapen.
 
Eit kunsthi har fleire hindringar som tester hunden. Dimensjonen på gangane er 20x20cm, og det er lagt inn to nålauge, eit liggande og eit ståande, på 13x17 cm, og 30 cm lange. Hunden må legge seg på sida for komme gjennom det liggande nålauget. I tillegg er det ei vatngrav og ein sandvoll som hunden må grave seg gjennom inne i gangane. I midtgangen må hunden gå ned ein skrånande tunnel til ein brønn, og hoppe opp 60 cm til ei hylle rett foran revekassa.
 

Skisse av eit kunsthi

------- stengeluker
A – inngangar
B – ståande nålauge
C – vatngrav
D – kittel (revekasse)
E – hylle
F – brønn
G – sandvoll
H – vollgang
I – liggande nålauge
 
 

Hi-prøvar

Det er to forskjellige typar hi-prøvar. Ein for forliggarar og ein for sprengarar. Det som er likt for begge prøveformene, er at ein skal sleppe hunden ca 2 m frå inngangen og at ein har ei total prøvetid på maks 20 min fra hunden sleppes.

 

Hi-prøve for forliggarar

Her er gitteret inn til reven stengt etter det ståande nålauget og på hylla. Hvis hunden søker gjennom desse gangane, så skal den vere heilt stille. Når den har gått gjennom vatngrav, liggande nålauge og gravd seg gjennom sandvollen skal den gjere eit kraftig angrep på reven, for deretter å trekkje seg nokre cm tilbake og liggje å halse uavbrutt i 15 min. Den skal kun gjere utfall mot reven viss denne gjer teikn til å angripe hunden eller at den vil prøve å komme seg unna. Prøven avbrytes når dommaren gir beskjed om å koble hunden.

 

Hi-prøve for sprengarar

Her er alle tre gangane inn til reven opne. Hunden skal oppsøke reven i alle tre gangane. Når hunden kjem fram til gitteret skal den angripe med stor tyngde og skarphet. Hunden skal vere intens under heile angrepet og virke irriterande på reven. Den skal heile tida ligge tett inntil gitteret. Ein revesprengar skal vere bevegeleg og dermed bryte sjølv i alle tre gangane. Blir hunden liggande lenger enn 5 min i kvar gang setter dommaren ned ei plate mellom hunden og gitteret. Det ideelle er at hunden bryter sjølv etter ca 2 min, og held ei like høg intensitet heile tida. Ellers i hiet skal hunden vere heilt stille. Etter at hunden har gått for å oppsøkje ein ny gang, setter dommaren ned ei plate ved det gitteret hunden forlet. Når den har vore i alle tre gangane er det også plate foran alle gitterene. Den skal nå vise at den er ærleg, ved at den oppsøker ein gang der det er plate. Den skal også her vere heilt stille og oppsøke ein ny gang. Nå har dommaren tatt opp alle platene, og hunden skal angripe for aller siste gong. Når hunden er ferdig skal den ha vore gjennom alle hindringane i hiet. Viss hunden går ut av hiet under prøven, gjer ikke det noko så lenge det berre er ein snartur og det ikkje er gjentakande.

 

Premiering

Det er seks premiegrader på ein hiprøve:

CACIT: Kun på internasjonale prøver. Kan delast ut til beste dachs og til beste terrier som har oppnådd certifikat på prøven.

Certifikat: Det blir delt ut certifikat til alle hundar som gjer eit utmerka /optimalt arbeide.

1.premie: For å få 1. premie, må hunden ha gjort eit svært godt arbeide.

2.premie: For å få 2. premie, må hunden ha gjort eit godt arbeide.

3.premie: For å få 3. premie, må hunden ha gjort eit godtagbart arbeide.

0.premie: Dette gis til hundar som ikkje fullfører heile prøven.

 

I Noreg føregår all prøveverksemd på hi i eit kunstig hi. Det betyr at ein "jaktchampion" på hi, ikkje nødvendigvis fungerer på praktisk jakt. I Sverige derimot, må hunden for å bli (hi) jaktchampion også ha ein reell jaktprøve på hi ute i naturen. Håpet er at me i Noreg kan få eit tilsvarende reglement, slik at ein hi-champion med rette kan kallast ein jaktchampion!

<<