Pia

J NUCH Norton Manx Wish-Me-Luck

Rase: Parson Russell Terrier

Fødd: 12.02.2005

Mankehøgde: 32 cm

Stamtavle

Resultater frå jaktprøvar

Utstillingsresultater

Pia er vår første Parson, og me har blitt heilt forelska i denne energiske vesle rasen. Pia er med på det meste, ut på tur med Ingfrid og hestane og på jakt med Per Kjartan. Ho er svært sosial, og elsker alle ho møter, både dyr og menneske. På utstillingsfronten har Pia oppnådd tittelen Norsk utstillingschampion og fått CACIB. Ho har tatt fleire hiprøvar i Sverige og mangler berre ein jaktprøve i naturen for å få det svenske hichampionatet. Det må me prøve å få ordna etter kvart. I Noreg har ho 2. premie på hiprøvar. Pia er mor til våre A og B kull, og har prega kvalpane sine med sitt gode gemytt.

Fleire bilder

   
Avkom: A-kullet Pia i CK-boka (NTK - PRT)
Avkom: B-kullet Pia i CK-boka (Svenske Parson klubben)
 

<<