|
Pippi |
|
|
J SJ(gs)CH NUCH Haga Russells Atlantis Rase: Parson Russell Terrier Fødd: 16.02.2007 Mankehøgde: 33 cm Pippi er vår første Parson frå eige oppdrett, og dotter til Pia. Pippi er norsk utstillingschampion og ho har tatt hiprøvar og jaktprøve (revesprenger) i Sverige. Ho er den første norske parson som har klart å få det svenske hijakt-championatet. Ho har og 1. premie på hiprøvar i Noreg, og mangler eit CERT der for å bli norsk jaktchampion. Sommaren 2009 tok ho anleggsprøve viltspor i Sverige, så blodspor er heller ikkje noko problem, sjølv om ho mangler litt trening der. Ho har vist seg å vere ein god jakthund og har blitt brukt på mink, rev, grevling og rådyr. I tillegg har ho eit herleg gemytt og er ei skikkeleg kosejente. Pippie er mor til vårt C-kull, og det blir spanande å sjå korleis kvalpane utvikler seg. |
|
| Pippi i CK-boka (NTK - PRT) | |
| Avkom: C-kullet | Pippi i CK-boka (Svenske Parson klubben) |