Om oss

 
Ingfrid

Eg er vaksen opp på Haga, og som odelsjente har det alltid vore planen min å overta garden. Interessa for hestar og hundar har vore der frå starten av, og den har berre blitt større opp gjennom åra. Eg er utdanna sivilingeniør innan Offshore sikkerhet ved Universitetet i Stavanger, og jobber i Haugesund som konsulent.

Per Kjartan
Min mann er vaksen opp berre nokre km frå Haga, men me fann kvarandre i vaksen alder. Han jobber som seljar i ein jernvarebutikk, men er utdanna kjemi og prosess operatør. Hans hobbyar er jakt og fiske, og hundeinteressa har han utvikla etter kvart. Det er han som går mest på jakt med hundane, men eg er med av og til.
Henrik

Vesle guten vår blei fødd 18. september 2009. Livet som nybakte foreldre er travelt men veldig kjekt, og me koser oss ilag med prinsen vår.

 

Me gifta oss i 2003

 
Hundar
 

Me har hatt hund i mange år, og har funne ein rase som me gjerne vil avle vidare på. Me driv eit lite heimeoppdrett på hobbybasis, og kvalpane vil vekse opp inne i huset vårt og bli sosialiserte med både dyr og mennesker. Me vil satse på avl som fremjer parson russell terrieren som jakthund og familiehund med godt gemytt og bra eksteriør. Me er medlem av NKK, NTK og Karmøy hundeklubb.

 

Hestar
 

Eg fekk min første hest då eg var 12 år gammal, og me fekk to føl etter den. Nå har eg tre varmblods ridehestar, to av dei er avla her. Det blir spanande å sjå korleis dei utvikler seg. Eg konkurrerer hovudsakleg i sprangridning, men me rir også ein del på tur og trener litt dressur. Eg er medlem av Karmøy Rideklubb.

 

<<